Årsaka er samarbeidsavtalen VaksdalPosten har inngått med Amedia, landet største utgjevar av lokale media. Gjennom dette samarbeidet vil nye moglegheiter opna seg for VP.

— Med dagens krav til utstyr, kompetanse og teknologi, ville ei lita lokalavis som VP ikkje ha klart seg åleine. Amedia har ein stor og veldig kompetent apparat som yter store og små aviser landet over støtte og løysingar som lesarane våre vil få glede av. I stadig større grad framover vil me kunna gje våre trufaste lesarar eit betre tilbod, seier redaktør Esben Hesjedal.

Gratisperiode

Etter kvart vil innloggingsløysinga VP har hatt bli fasa ut. Den nye løysinga heiter aID, og vert brukt av dei fleste Amedia-avisene i landet. Abonnentane våre vil få informasjon om dette når det skjer.

Sidan ei omlegging tek litt tid å gjennomføra, og for å feira ny utsjånad og ny satsing, vil alle saker på VP.no vera gratis ein periode framover. Deretter må ein som før ha abonnement for å få med seg det viktigaste som skjer i Vaksdal og Modalen.

Tilgang til direktesendt sport

VP skal sjølvsagt framleis vera ei avis for folk som er interesserte i det som rører seg i Vaksdal og Modalen. Men samarbeidet med Amedia opnar også opp nokre nye dører. Mellom anna får VP sine abonnentar snart tilgang til direktesendt sport frå heile landet.

Tenesta heiter DirekteSport og den viser mellom anna handball, ishockey, trav og både toppfotball og fotballkampar nedover i divisjonane.

Litt annleis, men også VP som før

Redaktør Hesjedal understrekar at sjølv om VaksdalPosten vil sjå litt annleis ut enn tidlegare, så skal avisa vera til å kjenna igjen.

— Innhaldet vårt er langt på veg som før, og sjølvsagt har me som mål å forbetra oss innan alle felt når me no får nye moglegheiter gjennom Amedia-samarbeidet. Me er avhengig av lesarane våre, og me klarar berre å halda på dei og skaffa oss nye ved å vera superlokale og aktuelle. Til no i år peikar både lesartal og abonnementstala i positiv retning, og det er me veldig glade for, seier Hesjedal.