Vart 2021 året marknadsliberalismen døydde i Noreg?
Artikkelen er over 1 år gammel
LESARINNLEGG: Straumkrisa er tross alle bortforklaringar enkel. Ein har i 30 år laga ein slags marknad for straum. Denne marknaden er «sjølvregulerande», altså ikkje under kontroll av til dømes folkevalde i stat og kommune. Dette er marknadsliberalismen si kjerne - frå regulering til sjølvregulering. Acer, utanlandskablar, Nordpool og straumselskapet ditt er symptom på eit system som har kollapsa.