- Me håpar at mange kjem, seier Emma Bolstad Farestveit, nestleiar i ungdomsrådet.

På fredag vert det ungdomssamling på «Slakteriet» for ungdommar frå 13 til 19 år, altså elevar som går på ungdomsskule og vidaregåande.

- Me hadde eit liknande arrangement på Slice på Stanghelle i vår. Mange likte det, og me prøver på nytt no i haust. På den måten kan ungdommane møte venar frå andre skular.

Kahoot og musikk

Målet er å skapa eit kjekt arrangement for ungdommane på fritida, og syta for eit treffpunkt. Om arrangementet vert populært kjem det til å bli fleire liknande samlingar, fortel Emma.

- Det vert musikk og aktivitetar som gjer at ein kan bli betre kjende, som mellom anna Kahoot.

Sel sandwich og brus

Trond Olav Magnussen, avdelingsleiar i kultur og inkludering hjå Vaksdal kommune, fortel at det vert selt mat på arrangementet og at ein kjem til å ha vaksne vaktar.