Trur på eit endeleg ja til sjødeponi
K5-leiinga har fått positive signal frå Statsforvaltaren og trur at det går mot eit ja slik at ein får dumpa tunnelstein i Sørfjorden. Det ser dermed ut til at fleire millionar kubikk med massar som vert til overs etter at dei nye tunnelane i fellesprosjektet med ny veg og bane mellom Arna-Stanghelle, hamnar i fjorden.