Tre bilar er involverte, og ulukka framstår som alvorleg, opplyste politiet like etter klokka 10.

- Politiet mottok klokka 09.59 melding om ei alvorleg trafikkulukke på E16 ved Seimsvatnet vest for Voss. Det er tre bilar som er involverte, og i desse sat det seks personar. Det er kritisk skadde personar, og ulukka framstår som svært alvorlig. Naudetatane jobbar på staden, og vegen er stengt i uviss tid framover, melde politiet.

Klokka 12.30 kom politiet med oppdatert informasjon om ulukka.

- To personar som var involverte i trafikkulukka er bekrefta omkomme. Desse to personane sat i ein utenlandsregistrert bil. Det er fire skadde personar som er tatt med av ambulanse til Voss sjukehus. Skadeomfanget på desse personane er uvisst. Den eine av desse personane er flydd vidare med luftambulanse til Haukeland sykehus, melder politiet.

Det vert vidare opplyst at sannsynleg hendingsforløp er at ein bil har komme køyrande frå Voss i retning mot Bergen. Den har først treft front i front med ein bil, og treft ytterlegare ein annen bil som kom køyrande i motsatt retning.

Ulukka skjedde på E16 mellom Evanger og Voss ved Seimsvatnet. Det er 70-sone på staden.

- Politiet driv med åstadsundersøkingar på staden no. Vegen kjem til å vera sperra for trafikk framover. Omkjøring er via Granvin, melder politiet.

Litt før klokka 16 opna E16 igjen.