To mindre ras stengde vegen langs Eidsfjorden
Fylkesvegen langs Eidsfjorden vart stengt torsdag kveld. Årsaka var ikkje fare for ras, slik meldinga lydde, men to mindre ras på Eidslandssida av Hesjedalsfossen. Fredag føremiddag vart vegen opna att for fri ferdsel.