- Det er store utfordringar folka våre for tida møter no i slutten på arbeidet på Dalseid, som gjer at me må stengja to lengre periode, seier teknisk byggjeleiar på anlegget, Odd Inge Jordal, til VP.

Dei som reinskar i fjellsida begynte på toppen, 360 meter over havet, og jobba seg nedover. No nærmar ein seg slutten, og ein har då komme borti mykje laust og dårleg fjell.

Vert stengt i 6,5 timar

- Så me treng to lange økter på dagtid måndag for å få reinska ned mest mogeleg. Difor stengjer me mellom klokka 11 og 14, og mellom klokka 15 og 18.30, seier Jordal.

Planen er å vera ferdig med fjellreinskinga om nokre veker, så skal det monterast opp eit fangnett og ein skal byggja ny tunnelportal til Dalseidtunnelen.

- Vert ein måndag ferdig med det verste slik at ein unngår fleire lange stengingar på dagtid?

- Me håpar det, men me har me fått fleire steinras her som ikkje var planlagt, så lova noko slikt kan eg ikkje gjera, seier Jordal.

Stor trafikk gjennom Bergsdalen

Mange nyttar høvet til å køyra om Bergsdalen når E16 er stengt på Dalseid. Truleg vil det same skje på måndag, og ei som ikkje gler seg til det er Herborg Holt Lid på Lid.

- Sist det var stengt var eg på tur mot Dale og møtte omkøyringskøen. Og her var det mykje «tussakøyring». Til dømes i siste svingen før Dale kom ein bil i altfor høg fart oppover på venstre sida. Her kunne det blitt frontkollisjon. Kan henda at han tok skiltet som opphevar 50 km/t-grensa rett nedanfor bokstavleg. Lurer forresten på kor lenge det skal stå der til spott og spe, seier Holt Lid.

- Eg tok også ein videosnutt av eit monster av ein betongbil som brukte minst ti minutt på å lirka seg gjennom tunnelen nedom Storefossen. Forstår behovet for å få levert vara, men lurer på om mål og vekt på dette monsteret ligg innanfor det denne vegen og tunnelen skal tola.