- Det er første året eg deltek. Me er ein del som er nokså ferske. Eg er påverka av svigerfar som har delteke tidlegare, så eg, han og svogeren min er med på laget, seier Rune Kristiansen frå Dale, som no bur i Bergen.
Neste sommar skal han saman med Team Rynkeby Norge, sykla frå Oslo til Paris.
Team Rynkeby er eit veldedigheits-sykkellag, som syklar for å samla inn midlar til Barnekreftforeninga i Norge.
- Fram mot deltakinga skal me gjera dugnadsarbeid som å mala hus, rydda skog og bera stein, der 100 prosent av midlane går til å kjempa mot barnekreft. Me som er deltakarar må også betala alt sjølv med tanke på turen til Paris, og må ut med mellom 30 og 35.000 kroner til hotell undervegs, utstyr og transport for å komma oss heimigjen til Noreg.
Har små born
Rune fortel at dei fram mot nyttår jobbar for å få tak i sponsorar, både verksemder og privatpersonar, for å få inn sponsorpengar.
- Hovudsponsorane får namn og logo på drakta for å marknadsføra verksemda si, og støttar samtidig kampen mot barnekreft.
Kristiansen har sjølv ingen nære som er råka er barnekreft, men seier at etter han fekk born sjølv vart han meir engasjert i denne type saker.
- Dessutan skal eg vera med i eit lag, noko som er veldig gøy. Det finst verre ting å bruka tid og pengar på, seier han med glimt i auga.
Har byrja treninga
Kristiansen fortel at Team Rynkeby Norge i forkant av turen til Paris skal delta på lokale løp som Bergen-Voss, Skjærgårdsittet og Nordhordland rundt.
På sykkelturen til Paris og dei andre ritta skal Team Rynkeby ha like, gule trøyer og ha like syklar.
- Me har allereie byrja med to fellestreningar i veka. Ei av øktene går på styrke og kjernemusklatur, og så har me ei spinningøkt. Etter nyttår kjem me til å ha utetrening. Frå mars til sykkelrittet i juli skal me ha sykla 2.500 kilometer, er planen.
Avslutning på dugnadsåret
Kristiansen fortel at han frå før er ein aktiv syklar.
- Eg syklar til og frå jobb, og har delteke på Bergen-Voss og Skjærgårdsrittet tidlegare. I tillegg har eg ein aktiv jobb som brannmann i Bergen, og har spelt fotball i alle år. Eg har også drive med boksing, seier han, og fortel at dei som er med på Team Rynkeby er damer og menn i ulike aldrar.
Det viktigaste for Team Rynkeby er ikkje å komma raskast mogeleg ned til Paris.
- Det er meir ein slags avslutning på dugnadsåret, seier Rune Kristiansen, som gjerne ser at lokale verksemder bidreg økonomisk til den gode saka.