Sutalaus eller stressa?
SKRÅBLIKK: Det er nett ikkje ofte eg høyrer nokon seie at dei er sutalause. Kanskje ikkje så rart i desse tidene — når renter og prisar aukar, og det er krig nær oss. Men — berre klangen i ordet kjennest godt — sutalaus. Ingen suter, ingenting å bekymre seg over.