Ein øydelagt trafo på Rødland var årsaka til straumbrotet.
Mørk hyttepåske
Hendinga vart meldt klokka 18.19. BKK opplyste først at ein forventa at feilen var utbetra i 21.30-tida. På det meste var 592 straumabonnentar utan straum.
- Ein stor del av dei som er råka av straumbrotet var hytter. Det var som vanleg mykje folk som nytta hyttene sine i påsken.
11 timar utan straum på garden
- Eg ser at i meldingane som er lagt ut så handlar desse mykje om alle hyttefolka som ikkje fekk lys i lampane sine påskeaftan. Men på Rødland står det 100 drektige dyr, lemminga er nært føreståande, og eg vil påstå at straumløysa her var eit større problem enn det at Ola og Kari på hyttene ikkje fekk kokt potetene sine på elektrisk omn før seinare på kvelden, meiner dreng på garden, Kjetil Rødland.
Han fortel at medan dei fleste hyttefolka fekk att straumen påskeaftan litt ut på kvelden, så måtte ein på garden og hjå nokre av nabohyttene venta til klokka halv seks 1. påskedag før det kom lys att i lampene. Då fekk ein køyrt opp eit aggregat frå BKK som ein har nytta resten av påsken. Tysdag 3. påskedag vart den defekte trafoen bytt ut.