- Dalseidtunnelen og Trollkonetunnelen mellom Dale og Bolstad er stengt mellombels, grunna steinskred, opplyste vegtrafikksentralen på Twitter.
Meldinga kom klokka 08.30.
Ved Vegtrafikksentralen får VP opplyst at det har komme ned ein stein som er om lag ein meter i diameter.
- Det er komme ned ei større steinblokk. Me har ikkje informasjon om at køyretøy er treft av steinen. Naudetatane er orienterte, men så langt me veit rykkjer dei ikkje ut til staden. E16 er stengt, og entreprenør er på veg. Me veit førebels ikkje noko om kor lenge E16 vil vera stengt, får VP opplyst hjå Vegtrafikksentralen.
Like etter klokka 16 opna vegen igjen.