Det er kasserar i Stanghelle IL, Line Giusti, som for eit par år sidan tok initiativet til det som no er vedteke. Grunna mellom anna koronapandemien så har det gått ei tid før ein fekk sett planen ut i livet.

Giusti viser til at gjennom idretten så kan alle, born og vaksne, oppleva meistring, ha det kjekt og få venskap for livet. I idretten dukkar mogelegheitene opp på tvers av kultur og bakgrunn.

Prisen kan vera for høg

- På landsbasis viser det seg at mange born og unge ikkje er med i idretten på grunn av prisen det kostar å vera medlem i idrettslaget deira, idrettsutstyr som kostar eller reiseutgiftene ein får til kampar, konkurransar og turneringar. Det vert rett og slett for dyrt. Om slikt er tilfelle også i bygda vår, det veit eg ikkje. Men eg veit at langt frå alle born og unge på Stanghelle er med på aktivitetane i laget vårt. Dersom det er det at dei ikkje har hatt råd som er grunnen, så får dei no sjansen, seier Giusti.

Det er med bakgrunn i «Alle med»-kampanjen til «Nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant born og unge» (NDFU), at årsmøtevedtaket vart gjort.

Fleire tiltak

Styret har vedteke å starta med desse tiltaka:

* Minstesatsen for medlemskontingent på 50,- kr, og gratis treningsavgift vert tilbydd born og vaksne i låginntektsfamiliar.

* Ordninga skal vera basert på tillit, og det er tilstrekkeleg at føresette ber om redusert kontingent for at dette skal innvilgast.

* Det vert understreka at styret er sitt ansvar bevisst når det gjeld tausheitsplikt. Kasserar Line Giusti, som også har faktureringsansvar, er kontaktperson for slike førespurnader.

- Som helsearbeidar er eg van med å handter tausheitsplikta, så det skal gå fint. Ingen førespurnader vert loggført eller drøfta i styret. Dei vert innvilga av meg ved første kontakt, seier Giusti.

Ein tek også imot førespurnader frå hjelpeinstansar og helsetenester på vegner av born eller familiar som ikkje ønskjer å ta direkte kontakt sjølve. På litt sikt planlegg idrettslaget å etablera eit gjenbrukslager med sko og sportsklede som kan delast ut gratis.