- Eg har vore i kontakt med Sivilforsvaret, som opplyser at i Vaksdal har dei ikkje anlegg, så her hjå oss vil folk ikkje høyra nokon alarm, opplyser kommunikasjonsansvarleg i kommunen, Mona Mekki.
Ho fortel at næraste alarmsentralar vil vera Arna og Voss.
- Me har sendt ut sms-varsling til flyktningane som er kome frå Ukraina om at dette er berre ei øving, om dei no skulle vera utanfor kommunegrensa og høyra alarmen. For desse som har flykta frå krigen, meiner me det kan vera greitt å vita nett dette, seier Mekki.
Rådmann Jo Tømmerbakke i Modalen opplyser at heller ikkje på Mo vil det lyda noko alarm i dag klokka 12.