Lokalt har det vore med ni lag i serien for ungdomar og vaksne frå Vaksdal kommune. Dei fleste laga har hamna midt på tabellen, nokre nærare toppen og nokre i andre enden også.

- Tøffe, jamne og kjekke kampar

Eit av laga som har hevda seg bra er 13-årslaget til Dale/Stanghelle/Vaksdal. Som mange andre lag, så er dette laget eit samarbeidslag mellom idrettslaga i dei tre største bygdene i kommunen.

Trenar Arild Soltvedt fortel at laget etter at vårsesongen var over enda på ein 2.-plass i avdelinga, bak Voss.

- Sidan me hamna på øvre halvdel vart me i haustsesongen sett saman med lag på øvre halvdel frå ei anna avdeling frå bergensområdet. Her vart det mange tøffe, jamne og kjekke kampar mot gode lag, seier trenaren.

- Ein ivrig gjeng

Slike kampar er bra, meiner han — då tek spelarane til seg mykje læring.

- Så, me har eigentleg også hatt fin haustsesong, der laget hamna midt på treet på tabellen. Treningsframmøtet er veldig bra. Dette er ein god gjeng der dei fleste har vore med og spelt saman sidan 1. klasse, seier trenaren til den ivrige gutane, som alt er i gang med førebuingane til neste sesong.