Samarbeidet sett på vent, vil ha orientering om barnevernet på Osterøy
Artikkelen er over 1 år gammel
Formannskapet i Vaksdal utsette tysdag å ta stilling til eit vertskommunesamarbeid med barnevernet på Osterøy. I staden vedtok ein å invitera Osterøy kommune til å komma i kommunestyret 29. mars og orientera om utfordringane ein har i eininga, og som er stadfesta i ein kritisk rapport frå Statsforvaltaren.