- Voss brannvern fekk i 13-tida melding om ein hund som hadde falle ned i eit juv i Hamlagrøosen, opplyser brannsjef David Skjerven til avisa Hordaland.
Brannvernet har vore i kontakt med eigaren for å finna ut korleis ein kan hjelpa hunden opp.
– Me har no skaffa det nødvendige utstyret for å hjelpa hunden opp. Me rykkjer ut med sjåfør og ein klatrar, og har også med ein snøskuter, seier Skjerven til Hordaland rett før klokka 14.