Rekordår, 20-års jubileum og open dag hjå Arnpro
Arnpro på Dalegarden markerer grunna pandemien 20-årsjubileet eit år for seint, men timinga er god likevel. Fjoråret vart nemleg, med ein omsetnad på knappe 80 millionar kroner, tidenes rekordår for brakkeprodusenten på Dale.