Ved skular og barnehagar går ein vekk frå nasjonalt gult nivå, noko som inneber normal skule- og barnehagedrift. Men kommunane skal ha høve til å innføra gult eller raudt nivå om den lokale smittesituasjonen tilseier det.

- Målet er færrast mogleg tiltak for barn og unge. Det betyr mykje for mange. Det betyr også mykje for foreldre sine mogleghieter til å gå på jobb. Med dei nye retningslinjene håpar me at barn, unge og studentar får ein betre kvardag, sa kunnskapsminister Tonje Brenna.

Det er framleis påbod om å bruka munnbind på stader der ein ikkje kan halda ein meters avstand.

For næringslivet vert det opna opp ein del, mellom anna er det no lov å skjenkja alkohol fram til klokka 23. Men servering skal skje ved borda..

Sjå alle tiltaka her

Når det gjeld idrett- og kulturaktivitetar, opnar ein opp ein del. Mellom anna kan alle under 20 år ha normal aktivitet utandørs. Også innandørs vet det opna opp for meir aktivitet.

Elles skal testing i større grad erstatta karantene.