Politioverbetjent Bjørn Inge Aarsand ved Voss politistasjon fortel at politiet har fått ei rekkje meldingar om ulovleg køyring, særleg på Dale.

- Me har grunn til å tru at fleire av desse meldingane gjeld ein konkret person som me prøver å komma i kontakt med. Onsdag var politiet på Dale, men ein lukkast då ikkje med å få tak i vedkommande, seier Aarsand.

- Farleg

Han fortel at det er ting som gjer at politiet vil ha slutt på køyringa.

- Motorsykkelen skal ikkje ha skilt, det vert meldt om køyring i høg fart og ei køyreåtferd som er både farleg og ulovleg. Politiet ønskjer å setja ein stoppar for dette før det går gale. Me oppmodar folk som gjer observasjonar om ulovleg køyring om å melda frå til politiet. Me vil prioritera å rykkja ut når det kjem meldingar, for dette er ein situasjon me ikkje likar, seier Aarsand.

- Stor fart

Ein mann som har kontakta VP om saka, fortel om uforsvarleg køyring som utgjer stor fare.

- Eg har sjølv sett vedkommande køyra i 70-80 km/t i sentrumsgatene på Dale — på bakhjulet. Kjem det noko ut i vegen då, så er ei alvorleg ulukke eit faktum, anten det er unge eller gamle. Politiet kom til Dale for å jakta på motorsyklisten onsdag, men etter det eg forstår klarte han å stikka av. Eg håpar denne galskapen stoppar før noko alvorleg skjer, seier mannen.