Gå til sidens hovedinnhold

Påbod om munnbind i Vaksdal

Frå komande måndag av, 22. november, vert det påbod om munnbind i butikkar og på kollektivtransport i Vaksdal. Det vert også påbod om registrering av gjester på serveringsstader.

Dette kjem fram i ei melding frå Mona Mekki, leiar for kommunikasjon og service i Vaksdal kommune.

Felles forskrift med nabokommunane

I meldinga vert det vist til at Bergen kommune i dag, fredag, har vedteke ei ny forskrift med påbod om munnbind på kollektivtransport, butikkar og kjøpesenter. I tillegg vert det registrering av gjester på serveringsstader.

Kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal og Øygarden innfører også denne forskrifta.

Gjeld til 21. desember

— Me har god dialog mellom kommunane og stiller oss samla bak dei nye tiltaka. Innføringa av desse tiltaka gjer vi for å prøve å dempa presset på helsetenesta, og dessutan å sikre at vi kan leva så normalt som mogeleg.

Me oppmodar innbyggjarane våre om å halde seg heime om dei føler seg sjuke, ta koronatest om du får forkjølingssymptom og å takka ja til vaksinane du får tilbod om.

Forskrifta tar til å gjelda måndag 22. november 2021 kl. 00.00, og gjeld til og med 20. desember, heiter det.

Kommentarer til denne saken