Når den nye kultursalen i Dale skule etter planen offisielt skal opnast i februar, skal den også få sitt eige namn.

Namnekonkurransen er eit samarbeid mellom Vaksdal kommune og VaksdalPosten. Ordførar Hege Eide Vik oppmodar folk om å senda inn gode namneforslag.

— Spennande

— Eg håpar på mange forslag frå folk i alle aldrar. Me har allereie fått inn mange gode namneforslag, men har plass til endå fleire. Nokre sender eitt namn, andre lange lister. Ønsket vårt er å få eit enkelt og passande namn, som er lett å forstå og som kling godt. Det blir spennande å sjå kva me ender opp med, seier ordførar Eide Vik.

Namneforslag kan sendast inn på e-post til adressa: kultursal@vp.no.

Dette må gjerast innan midnatt onsdag 5. januar.

Avstemming

Etter at fristen 5. januar har gått ut, skal ein jury velja ut det ein meiner er dei beste namna. Så vert det ei avstemming på VaksdalPosten si nettside der det namnet som får størst oppslutnad vert valt.

I juryen som skal plukka ut finalefeltet av namn, sit i tillegg til ordføraren, Nathalie Angelica Mo Lilletvedt og Ina Pettersen frå ungdomsrådet, kulturskulerektor Sindre Sortland og VP-redaktør Esben Hesjedal.

Pengepremiar til lokale lag

I namnekonkurransen er det sett opp to premiar på 5.000 kroner kvar.

Vinnarane må gje pengane vidare til eit lokalt lag eller ein organisasjon. Den eine premien vert tilfeldig trekt mellom dei innsende forslaga, og den andre går til forslaget som vinn. Er det fleire som har føreslege det same, vert det trekning også her.