Vegen mellom Voss og Bergen er kåra til Noregs verste, og jernbanen held 1900-standard på store delar av strekninga. Difor var det særdeles trist at regjeringa foreslår å utsetja arbeidet med ny jernbane og veg (K5), og dermed avvikle prosjektorganisasjonen som førebur oppstart av anleggsarbeida i 2024. Med regjeringa si manglande prioritering kan det gå 25 år før heile strekninga Bergen-Voss kan opnast med ny veg og bane. K5-prosjektet er allereie forseinka, og vi treng ikkje fleire utsetjingar. 

K5-prosjektet med felles utbygging av jernbane og veg, er prioritert på topp både i Vestland fylkeskommune, Bergen, Vaksdal og Voss kommunar. Både yrkessjåførar og eit samstemt næringsliv elles, har bede om å få fortgang i å byggje ein sikker og trygg korridor på strekninga. Både veg og jernbane er svært rasutsett. Til dømes avlyste nyleg eit gutelag i fotball på Voss kampreisa til Bergen fordi meteorologane meldte om fare for ras. 

Prosjektet treng berre 200 millionar kroner for å halde framdrifta oppe, slik at vi kan sikra oppstart i løpet av 2024. Med ein fullstendig budsjett-tørke, vil ein tidlegast komme i gang med anleggsarbeida i 2026. Prosjektorganisasjonen med topp kvalifiserte og motiverte medarbeidarar frå både jernbane- og vegsida, vil måtte avviklast. Samfunnskostnadane ved ei slik utsetjing er sjølvsagt ikkje råd å rekne ut i sin fulle breidde, men berre det å gire opp att ein kompetent prosjektorganisasjon, dialogen med marknaden for entreprenørar og så vidare, vil ytterlegare fordyre prosjektet med mange millionar kroner. 

I tillegg kjem den usynlege kostnaden dei tusenvis av trafikantar på tog, yrkessjåførar på arbeid i lastebilar og folk i private køyretøy har som følgje av utrygge ved å reise på strekninga. Ja, mange let vere å reise i frykt for å få eit ras i hovudet eller i kollidere i ein av dei nesten tallause svingane eller i ein av dei 39 tunellane på E16 mellom Arna og Voss. 

Samferdselsminister Nygård er ferdig med K5 i denne omgangen og har spelt ballen, eller K5 si framtid og ansvaret for trygg og sikker hovudkorridor aust-vest på veg og jernbane, over til Stortinget. Vi forventar at Stortinget tar dette ansvaret på alvor og sørgjer for at K5 blir prioritert, både i 2023-budsjettet og i dei komande budsjetta. Stortinget må få på plass tilstrekkeleg midlar til å halde fram arbeidet med å fjerne Noregs verste veg og ein jernbane som knapt heldt standard til museumsbruk.

Jon Askeland, fylkesordførar Vestland fylkeskommune
Thor- Haakon Bakke, byråd i Bergen kommune
Hege Eide Vik, ordførar Vaksdal kommune
Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Voss herad
Liv Røssland, leder Norges Automobilforbund Bergen og Omegn
Jan Ole Holsøy, leder Norges Lastebileierforbund Hordaland
Gert Meyer, NHO Transport & Logistikk
Nils Akselberg, leder Vossaløysinga as
Roger Harkestad, styreleiar K5-alliansen