Det startar fredag med sprint, medan 10 km står på programmet både laurdag og søndag. Først i klassisk stil og så i fristil. Sendingane frå Mjøs Ski sitt arrangement finn ein altså på vp.no ved å klikka seg inn på Direktesport.

- Er i form

Fagerbakke Fosse håpar her å kunna følgja opp dei gode resultat han fekk sist helg under Skandinavisk Cup i Latvia.

- Det var moro på utanlandsturen, til og med på sprinten i Latvia kom eg meg vidare frå prologen. Og 20 km jaktstart der er ein av dei beste renna eg har gjennomført som senior. Eg er fin form, så eg håpar no i Norgescupen og i alle fall å få til to gode renn på 10 kilometer. Sprinten slengjer eg meg med på også, utan særlege forventningar. Dette blir spennande og vonleg moro også, smiler Erling, som no nærmar seg sesongavslutninga.

Femmila i NM

Etter Norgescuphelga er det andre del av NM i slutten av mars som står att som hovudmål denne vinteren. Her står mellom anna 10 og 50 km, begge i klassisk stil, på programmet.

- Femmila har eg veldig lyst til å gå. Eg har også tenkt tanken på å slengja meg med på «Birken» (Birkebeinarrennet) helga før som trening til 50 km. Me får sjå kva det vert til, får vel ta eit renn om gongen.

Ikkje vidare frå prologen

Fredag føremiddag var det sprintprolog. Her hamna Erling litt under midten av resultatlista, og kom ikkje vidare til kvartfinalen. Det var om lag 130 startande.

Nye sjansar er det både laurdag og søndag då med 10 km i klassisk og fristil. Også laurdag startar sendinga klokka 12.20 på vp.no/Direktesport.