- Det er ikkje alt som er klart her endå, men dette kjem til å bli bra, smiler Katerina Novochatska (31), som bur på Stanghelle.
I femte etasje på Daletunet er eit stort rom delt i to, og gjort om til to klasserom ved hjelp av ein skiljevegg. Katerina har teke plass bakarst i det eine rommet denne måndagen.
- Eg synest det er vanskeleg å læra norsk. Det er så mange dialektar, både den her i Vaksdal, den på Voss og så har eg vener i Bergen som snakkar ein annan dialekt, seier ho på ei blanding av norsk og engelsk.
Utdanna sjukepleiar
Ho kom til Noreg i fjor sommar, og har sidan august i fjor lært norsk på Voss.
Saman med dei andre elevane skal ho ha undervisning på Daletunet tre gongar i veka, og i tillegg ha språkpraksis eit par gongar i veka.
- Eg er utdanna sjukepleiar, og har jobba to år på sjukeheim, men då eg flykta frå Ukraina jobba eg på sminkesalong. I samband med norskopplæringa skal eg ha språkpraksis på sjukeheim, fortel Katerina.
Klasserom og grupperom
Jan Erik Dahle, fagleiar for integrering i Vaksdal kommune, fortel at klasserommet er delt inn etter nivå. Den eine delen av elevane er nybyrjarar på A1 eller under dette, og den andre delen, der Katerina er med, er komne litt vidare og er på A1 til A2-nivå, og nokre er på B1-nivå i munnleg.
- Om dei vil nå eit endå høgare nivå treng dei også praksis frå ein annan plass enn å berre få det gjennom undervisninga. Dei får ikkje praktisert språket så mykje som ein då treng.
Dahle fortel at dei tillegg til dei to store klasseromma, har norskopplæringa i fire grupperom med plass til seks til åtte personar. Tidlegare var desse areala pasientrom og fellesareal i sjukeheimen.
- Me har også eit par grupperom som vert brukte som kontor. I løpet av kort tid kjem fem nye ukrainske familiar, og då me må sjå på å ta i bruk endå fleire rom.
Behov for lærarar
Han forklarar at dei legg vekt på å læra flyktningane praktisk norsk.
- Til vanleg er det gjerne sånn at undervisninga går føre seg i store klassar, men undervisninga her skal vera meir gruppebasert, der me skal laga små grupper med elevar som er på same nivå. Desse flyktningane har høgare utdanning frå heimlandet, og klarar å finna ut kva som er dei språklege problema sine. I staden for at me ventar på dei svakaste elevane i ein klasse før ein går vidare i undervisninga, har dei i større grad ansvar for eigen læring, og me er her for å hjelpa dei.
Dahle seier dei framleis har behov for lærarar, og ser gjerne at pensjonerte lærarar som har lyst til å jobba litt, tek kontakt.
- Staten har lagt opp til at lærarane kan jobba med ukrainske flyktningar og motta pensjonistlønn utan å få avkorta pensjonen, seier han.
- Samarbeid med deltakarane
Det er Oda Hesjedal Langhelle og Cecilie Skånevik som ansvaret for undervisninga til flyktningane. Hesjedal Langhelle meiner det vert godt for dei å sleppa å reisa til Voss.
- Her er det mange rom og god plass, i tillegg ligg Daletunet sentralt på Dale.
Ho fortel at dei har lagt opp til å gje informasjon denne første dagen på Dale.
- Undervisninga blir eit slags samarbeid mellom oss og deltakarane, for å finna ut kva dei treng. Me kjem til å laga opplegg, men det blir mindre tavleundervisning. Undervisningsopplegget går både på språk og integrering gjennom språkpraksis.
Skånevik opplever flyktningane som veldig motiverte for å læra norsk.
- Studieteknikken har dei inne, men framover må dei jobba mykje med å snakka norsk.