Tidlegare var det lyst ut ein konkurranse der folk kunne komma med forslag til nytt namn på salen. Ein jury skulle så plukka ut eit finaleheat.

- Me har fått inn mange gode forslag, og har valt ut seks namn, fortel ordførar Hege Eide Vik.

Dei seks namna er: Dalesalen, Festiviteten, Kulturen, Perlo, Kulturgryto og Universalen.

Ordføraren var med i juryen som har sett på namneforslaga til kultursalen som er blitt sende inn, og har plukka ut finaleforslaga.

Av dei seks namna som står att, kan alle som vil røysta på sin favoritt på nettsida til Vaksdalposten.

- Det er sett frist til 1. mars for å kåra ein vinnar. Me håpar på god oppslutnad om avstemminga, og oppfordrar at ein hjelper dei som ikkje veit korleis ein røyster på nettet, slik at dei kan delta, seier ordføraren

Namn på kultursalen

- Eigarskap til namnet

Ho håpar at namnekonkurransen gjev folk i Vaksdal eit eigarskap til namnet.

- Det er fint at ein kan vera med å delta og røysta på favorittnamnet sitt, for ein vil jo ikkje alltid ha dei same assosiasjonane til namn.

Utanom Eide Vik har juryen bestått av Nathalie Angelica Mo Lilletvedt og Ina Pettersen i ungdomsrådet, kulturskulerektor Sindre Sortland og VP-redaktør Esben Hesjedal.

- Nokre føreslått fleire gongar

Eide Vik fortel at nokre av namna juryen fekk inn, vart føreslått fleire gongar, og dette var med i vurderinga då dei seks finalistane vart valde ut.

- Når det gjeld namn, så ønskjer me jo at ein skal skjønna at det er ein kultursal det er snakk om når ein høyrer namnet, men me har også tatt med andre meir abstrakte namn, i same gate som til dømes Turbinen. Me har prøvd å fange breidda i det som er blitt føreslått. Dette er ein kultursal for heile kommunen, og me har hatt med oss dette i arbeidet i juryen.

Det kom inn over 150 namneforslag, men ein del namn var foreslått fleire gonger.

- Har du ein namnefavoritt?

- Eg har ikkje bestemt meg, men eg skal røysta. Det er forslag å velja mellom som eg kan leva godt med. Det er fleire gode løysingar her, smiler Eide Vik.

Premiar

Vaksdal kommune har sett opp to premiar på 5.000 kroner kvar, i samband med namnekonkurransen. Vinnarane må gje pengane vidare til eit lokalt lag eller ein organisasjon.

- Den eine premien vert tilfeldig trekt mellom dei innsende forslaga, og den andre er til namneforslaget som endar opp med å vinna. Er det fleire som har føreslege det namnet som får fleirtal, så vert det trekning også her. No gjeld det at mange klikkar seg inn på vp.no og gjev si røyst til det namnet ein likar best, avsluttar Hege Eide Vik.