Mellom dei andre avisene ein får digital tilgang til gjennom +Alt, er Bergensavisen, Nettavisen, Hordaland, Nasjonen, Hardanger Folkeblad og Nordhordland.

Innflyttarar

- Ekstraproduktet +Alt er tatt spesielt godt imot av folk som er innflyttarar til ein stad, og gjerne finn lokalavisa si frå der ein budde tidlegare mellom dei 80 avisene. Kanskje har ein ei spesiell interesse for eit anna område av landet, eller ein har hytte og vil få nyheiter derfrå. Gjennom +Alt får ein tilgang til nyheiter laga av over tusen journalistar landet over, opplyser Amedia.

Tenesta Direktesport som i løpet av neste år vert flytta inn i +Alt, omfattar over 5.000 kampar fotballkampar og sendingar i ein rekkje andre idrettar. Der finn ein også V75-løpa, og neste sesong vil det bli vist utvalde kampar frå Tippeligaen.

Podkast

Amedia har også inngått eit samarbeid med podkastappen Untold, noko som gjer +Alt-abonnentane tilgang til tusenvis av podkastepisodar.

- No kan +Alt-abonnentar lasta ned Untold fra Google Play eller App Store, og logga seg inn med same aID-bruker som ein har i lokalavisa si. I Untold får +Alt-abonnentane tilgang til heile Moderne Medias eksklusive podkastbibliotek. Blant podkastane her er Henrettelsespodden, Truecrimepodden, Historiepodden og miniserien Gulltransporten. Untold tilbyr også tilgang til alle podkastar frå andre produsentar som ligg på den opne marknaden. I Untold får abonnentar altså tilgang til eksklusivt innhald, som mange av dei mest populære dokumentarpodkastane i Noreg. Me har også mange spennande miniseriar, og det vil komma mange fleire framover, seier Jim Fossheim, dagleg leiar i Moderne Media.

Frå digital eller papir til +Alt

Ein kan både som ny abonnent velja +Alt-abonnement, eller ein kan gå frå å vera digitalabonnement på VP til eit kombinasjonsabonnement som inneheld +Alt.

Nye lesarvaner gjer også at fleire og fleire les nyhende på mobil og andre skjermar, og i mindre grad les papiravisa. Dersom ein opplever at ein ikkje les papiravisa lenger, så er kanskje dette tida for å endra VP-abonnementet frå komplett, som inkluderer VP si papiravis og digital tilgang, til +Alt der ein altså får digital tilgang til VP og 80 andre aviser, i tillegg til podkastar og Direktesport.

Vil ein endra abonnementet, kan ein gjera det på vp.no og gå inn på Min side