Kvar dag kjem det nye saker frå VP.no. Vaksdalposten skriv om stort og smått som skjer i bygdene i Vaksdal og Modalen, og i tillegg kan ein mellom anna sjå direktesport frå ei rekkje idrettar i inn- og utland. Ein kan også søkja i VP sitt arkiv tilbake til 1987. På nettet eller i appen kan ein dessutan lesa papiravisa som eAvis.

Lett å få tilgang

Med eitt klikk kan du no få tilgang til alt plussinnhald på VP.no i januar månad.

– Me håpar mange vil nytta seg av denne moglegheita. Dei som ikkje er innom VP så ofte kan no få lesa sakene som til vanleg berre er for abonnentane. Dette gjer VP og dei andre avisene som er knytt til Amedia i samband med dataangrepet me var utsette for. Det vil framleis ta litt tid før alle systema er opp i vanleg drift, og difor opnar me nettavisa vår på denne måten ein periode, seier redaktør Esben Hesjedal.

Slik gjer du det:

Trykk på kva som helst pluss-sak på VP.no:

  • Lesarane som teiknar seg for gratis tilgang, vil bli bedne om å logga inn med aID. Dersom ein ikkje har ein brukar frå før, må dette opprettast. Med eitt klikk kan du så få tilgang til alt plussinnhald på VP i januar månad.
  • Du treng ikkje gje opp betalingsinformasjon, og det vil ikkje bli trekt pengar når tilgangen går ut 1. februar.
  • Tilbodet blir gjort i samband med at VP gjenrettar krav igjen om at ein må vera innlogga for å få tilgang til eksklusivt innhald.
  • Frå 28. desember og fram til torsdag 6. januar har alle plussartiklar i vore tilgjengeleg for alle. Dette skjedde som ein konsekvens av at tenesteleverandør Amedia vart ramma av eit dataangrep.

– Då systema til Amedia, og då også Vaksdalposten sine, vart ramma av dataangrepet, vart tilgangen til alle plussartiklar rutinemessig opna for å sikra at alle abonnentar fekk tilgang til journalistikken dei har betalt for. No veit me at vi er i stand til å gje abonnentane som har betalt trygg tilgang til sakene våre. Samtidig gjer me altså andre moglegheita til å lese oss gratis ut januar, seier redaktør Hesjedal.

Abonnementssystem er nede

Fleire system er framleis ramma av dataangrepet mot Amedia, som er eigar og tenesteleverandør for norske lokalaviser over heile landet.

Dette har enkelte konsekvensar for eksisterande abonnentar. Mellom anna er det på noverande tidspunkt dessverre ikkje mogleg å seie opp abonnementet via Mi side. Oppseiingar som vert sende på e-post, vert lagra i ein kø og utført så snart datasystema er i vanleg drift igjen.

– Vi har framleis ikkje tilgang til abonnementssystemet vårt. Dette betyr mellom anna at det dessverre ikkje er mogleg å seie opp abonnementet på noverande tidspunkt. Dette jobbar Amedia framleis med å finna løysingar på. Me ønskjer at det skal vera så enkelt som mogleg både å kjøpa og å seia opp abonnement sitt på avisene våre, seier konstituert forbrukarmarknadsdirektør i Amedia, Carl Gustaf Eriksson.

Her er nokre av sakene VP har publisert den siste tida som du no kan lesa: