I dag, tysdag, har Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) lansert Samferdselsløftet, som viser forventningane næringslivet har til den kommande Nasjonale transportplanen (NTP).

Blant dei 14 viktigaste prosjekta næringslivet meiner må prioriterast nasjonalt, er Fellesprosjektet Arna-Stanghelle på topplista til NHO. Dei to andre prosjekta i Vestland fylke er E39 Stord-Os (Hordfast) og E134 Haukelifjell (Vågsli-Seljestad). Det går fram av ei melding frå NHO.

- Regjeringa må prioritera K5

- Me i NHO ber regjeringa prioritera både Fellesprosjektet Arna-Stanghelle og Hordfast når dei legg fram ny NTP. Begge prosjekta er viktige, nasjonale prosjekt, seier Helene Frihammer, regionsdirektør for NHO Vestland.

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, første del av ny veg og bane mellom Voss og Arna (K5-prosjektet), skal gje samanhengande firefelts motorveg mellom Arna og Trengereid, tofelts veg vidare og halvera reisetida med tog frå Arna til Stanghelle. Det vil bety mykje for folk og næringslivet i Voss og Hardanger, som i dag opplever å ferdast på ein rasutsett, farleg og uføreseieleg E16.

Hordfast og Rogfast

- Det er omtrent lik avstand i luftlinje mellom Bergen-Stavanger og Oslo-Lillehammer. I dag tek det likevel dobbelt så lang tid å reisa mellom Bergen og Stavanger, samtidig som dei mellom Oslo og Lillehammer både har veg og bane på strekninga. For bedriftene i Vestland er dette ei stor konkurranseulempe. Me treng å korta ned reisetida. Ved å få på plass både Hordfast og Rogfast byggjer me eit mykje større bu- og arbeidsmarknad. Det blir ein «game-changer» for Vestlandet, seier Frihammer, og legg til:

Dette hastar mest

– Me forventar at regjeringa lyttar til behovet til næringslivet og prioriterer desse prosjekta i den kommande nasjonale transportplanen, seier Frihammer.

Her er lista til NHO med dei 14 prosjekta som er mest kritisk å få bygd:

• Fellesprosjektet Arna–Stanghelle

• E39 Os–Stord (Hordfast)

• E134 Haukelifjell (Vågsli–Seljestad)

• Fellesprosjektet E16/Ringeriksbanen

• E45 Kløfta

• E6 Megården–Mørsvikbotn (Sørfoldtunnelene)

• Trønderbanen – to tog i timen Melhus–Steinkjer

• E39 Vik–Molde

• E39 Osli–Ålgård

• InterCity Stokke–Sandefjord

• InterCity, to tog i timen til Lillehammer

• InterCity, to tog i timen på strekninga Sarpsborg-Oslo

• E134 Oslofjordforbindelsen byggjetrinn 2

• rv. 4 Mjøsbrua–Oslo, prosjekt rv. 4 Roa–Grua

Vestland

Kvar region i NHO fortel i dokumentet også kva prosjekt som er viktigast i fylket deira, også utover dei 14 nemnde prosjekta. NHO Vestland har peika på følgjande prosjekt som særleg viktige i Vestland:

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

E39 Stord – Os (Hordfast)

E134 Haukelifjell (Vågsli-Seljestad)

E39 Storehaugen-Førde

Bybanen til Åsane

E39 Klauvaneset-Vågsbotn