Edvin Hesjedal er ein av dei som har drege i trådane for å få realisert planane om nytt klubbhus på Geitabakken.

- Trond Mohn har sagt ja til å dekka minst 50 % av kostnadane på 11,5 millionar for eit nytt klubbhus på Geitabakken. Det er me svært glade for, smiler Hesjedal.

Har redusert kostnaden

Det var i 2018 at arbeidet med å få erstatta det gamle klubbhuset, som garderobar og møterom frå 1960-talet, med eit tidsriktig bygg, fortel Erlend Hesjedal-Johannessen i styret i Dale IL.

- Etter ei tid stoppa planane opp, og det hadde både med at koronapandemien la ein dempar på mykje og at arkitektforslaget som kom frå kommunen hadde ein høg kostnad som verka vanskelege å realisera. Men det siste halvåret har det blitt jobba med eit alternativ til dei opphavlege planane, fortel Hesjedal-Johannessen.

Edvin Hesjedal fortel at kontakt med lokale entreprenørar med god kompetanse både på grunnarbeid og bygg, har vore veldig nyttig.

- Prislappen på det første bygget, som var på om lag 18 millionar kroner, var det mange av oss som syntest var høg. Difor tok me hausten 2021 tak i prosjektet for å ta ned prisen, men samtidig få til eit tenleg bygg. Klubbhuset som no er planlagt har ein prislapp på 11,5 millionar kroner, inkludert moms, fortel Hesjedal.

Ferdig om eit år

Saman med styret i Dale IL har han fått stadig større tru på at prosjektet er mogleg å realisera, og no trur han på at om eit års tid, ja, då er klubbhuset klart til bruk.

- Eg er ein av dei som har kjent på at som far og fotballtrenar, så er det ikkje kjekt å visa gjestane lag inn i dei garderobane og det klubbhuset som i dag står på Geitabakken. Det gjeld sjølvsagt også at me skal ha noko skikkeleg å tilby våre eigne fotballspelarar. Bygget som no er planlagt vil ha fire garderobar, dommargarderobe, kjøkken og eit kombinert møterom, kontor og kioskområde, seier Hesjedal.

Takkar Mohn og Hilland

Han legg ikkje skjul på at det er to personar som det er grunn til å senda ein stor takk til i samband med at prosjektet no kan verta ein realitet.

- Stig Hilland på Stanghelle er ein lokal velgjerar som går stille i dørene, men som har vore svært viktig. Han har tidlegare i eigen regi gjeve pengegåver både til prosjekt på Stanghelle og Dale, og han har no gjeve ei pengegåve til klubbhusprosjektet. I tillegg kjenner han Trond Mohn og har vore døropnar inn til han. Då me klarte å ta ned kostnadene, var signala frå Mohn at han såg med velvilje på prosjektet vårt, så i dag fekk me endeleg beskjed om at han går inn med minst 50 % av kostnaden, fortel Hesjedal.

- Dette får me til

Han er trygg på at også resten av finansieringa skal ordna seg.

- Ja, no har eg stort tru på dette. Sjølve klubbhuset, inkludert grunnarbeidet, har ei byggjetid på ni månader. Det står att ein del avklaringar med mellom anna kommunen med omsyn til grunn og drift, men det er lova rask saksbehandling der. I prosjektet ligg det også boring etter vatn og etablering av eit reinseanlegg. Neste år på desse tider skal Geitabakken ha fått nytt klubbhus, dette får me til, seier Hesjedal.

Eit generasjonsløft

Erlend Hesjedal-Johannessen peikar på at eit nytt klubbhus vil vera eit stort løft for Geitabakken og det lokale idrettsmiljøet.

- Det at me no får realisert prosjektet og kan få erstatta det nedslitne klubbhuset med eit nytt bygg, vil vera til glede både for små og store. Det er rett og slett eit generasjonsløft. Dette er det svært viktige første steget for å gjera Geitabakken til eit attraktivt område igjen. I dei opphavlege planane låg det også spennande moglegheiter for resten av uteområdet, i tillegg til klubbhus og kunstgrasbane. Det er naturleg å ta desse planane med seg vidare i eit neste steg, seier Erlend Hesjedal-Johannessen.

- Godt jobba

Kommunedirektør Atle Fasteland stadfestar til VP at han kjenner saka.

- Det er kommunalsjef Åse Elin Myking som har hatt dialogen frå kommunen si side angåande nytt klubbhus. Men eg er orientert, og det er svært godt jobba av dei som har fått til denne nye løysinga. Ein har no eit veldig godt utgangspunkt for endeleg å få nytt klubbhus på Geitabakken, og det er bra. Så skal planane sjølvsagt behandlast både i administrasjonen og politisk, og her har me lova å vera raske, seier Fasteland.