Det melder Vaksdal kommune måndag føremiddag.

— Dei tilsette sette i verk nødvendige tiltak umiddelbart. Pårørande til alle bebuarane på sjukeheimen blei varsla, og auka smitteverntiltak er sett i verk, opplyser kommunen.

Det vart gjort fleire hurtigtestar i går, søndag, og alle var negative.

— Koronateamet er no i gong med kartlegging og PCR-testing. Når ein person testar positivt på ein hurtigtest må den bli bekrefta av ein laboratorietest. Kommunen kjem tilbake med ny informasjon når resultat av testinga er klar.