- Dette blir stas, eg gler meg, seier Mathias, som spelte 6. divisjonsfotball for moderklubben Vaksdal i vårsesongen i fjor, før han flytta til Trondheim.

Skifta klubb

Haustsesongen spelte han for Stjørdal/Blink sitt andrelag i 4. divisjon. I vinter bytta han klubb til Trygg/Lade, også det eit 4. divisjonslag.

- Det vart litt for tungvint å reisa på trening til Stjørdal, eg kom ofte for seint då eg måtte reisa rett frå jobb, seier Mathias som arbeider som tømrar i Trondheim.

Heimekamp mot Rosenborg

Han fann seg ein klubb i nærmiljøet, som i dag får storfint besøk heime på Lade.

- Dette vert nok årets kamp for oss. Me skal vonleg bita godt frå oss, smiler Mathias, vel vitande om at Trygg/Lade var nære ved å slå ut Rosenborg i cupen for nokre år sidan. Kanskje kjem cupbomba her?

Kampstart er klokka 18.00. Direktesport sender også samstundes 1. rundekampen på Varden Amfi i Fyllingsdalen mellom heimelaget Frøya og dei ferske noregsmeistrane frå Brann.

For å sjå kampane via Direktesport her på vp.no, treng ein eit +alt-abonnement. Ein kan endra abonnementet på Mi side på vp.no