- Som vi alle kan sjå, har vi ein krevjande dag på vegane våre. Brøytemannskapa jobbar på spreng. Må du ikkje ut på vegen i dag, så anbefaler vi deg å la det vera. Brøytemannskapet jobbar på, og vi ber om forståing for at ikkje alle vegar og fortau er brøyta. Kan bilen din sperre for brøyting er vi takknemleg om du kan flytte den, lydde oppmodinga frå kommunen.
Fredag i 13-tida opplyser Torstein Mehus i Vaksdal kommune at ein er i ferd med å få brøytt unna snømassane.
- Alle ressursar har vore på, og me er no i ferd med å få brøytt alle vegar. Det blir spennande å sjå utover dagen og i helga korleis det blir, om det blir mildvêr og glatt. Brøytevaktene våre er iallfall i beredskap, seier Mehus.