Boris Groth i Dale sentrumsforening fortel at kommunen hadde sytt for gode hjelparar då han skulle hengja opp julebelysninga over gågata.
- Nokre av dei nye innbyggjarane på Dale, som kjem frå Ukraina, stilte opp som hjelparar. Saman fekk me opp lyslenkjene, og det gjekk veldig greitt. Det er kjekt at dei ville vera å pynta opp si nye heimbygd. Dei kunne litt engelsk, og resten løyste me med peiking og kroppsspråk, det er nokså universelt, smiler Groth.
Fire arrangement
Laurdag er det altså julegateopning på Dale, og det er faktisk fire ulike innslag som står på programmet. Først er det tenning av lysa i julegrana, Frode Kvamsøe skal snakka, før Dale Musikkforening spelar og det vert høve til å gå rundt juletreet. Nissen kjem med nissegodt, og rykta seier at han har med seg nokre smånissar også.
Så er det opning av peparkakelandsbyen på Fryd, der Kordial skal syngja. Vaksdal Husflidslag skal ha juleverkstad for born i foajeen på skulen, og så er det ei nyskaping i Slakteriet i Vatlehuset.
- Her vil lokale utstillarar by fram ulike julevarer heile dagen, og ein vil kunna kjøpa gløgg og kakemenn. Julemusikken står på, så me trur det vert ei koseleg stund i det fine lokalet i Vatlehuset. Sentrumsforeininga ønskjer med dette arrangementet å skapa liv og god stemning i Gatå, og me håpar mange tek turen på laurdag, seier Wenche Helle som er leiar i Dale Sentrumsforening.
Også på Sentertorget
Også på Vaksdal er det eit arrangement laurdag. Vaksdal Vel inviterer på ettermiddagen til adventsarrangement inne på Sentertorget.
- Dei siste åra har me hatt juletre inne, og så heller pynta med lys ute i Senterparken. Tidlegare har det gjerne vore kaldt, og både regn og sludd ute på desse arrangementa. No er me inne i varmen, og det trur eg blir veldig bra. Dei to siste åra har det jo ikkje vore mogleg å ha slike arrangement grunna pandemien, så no endeleg er me klare, fortel Evelyn Boge i vellaget.
Musikk og peparkakeutstilling
Ho lokkar med musikk at Vaksdal Musikklag skal syta for den musikalsk stemning, vellaget stiller med gratis gløgg, saft og kakemenn, og så vert det nissegodt til dei minste.
Bruktbutikken Mylder held ope, og forutan julevarer og anna, vil ein der også finna ei peparkakeutstilling.
- Folk i bygda har baka peparkakehus og slikt, så det blir spennande å sjå korleis den ser ut. Me satsar på at mykje folk kjem innom Sentertorget laurdag, seier ei forventningsfull Evelyn Boge.