Titlestad sit mellom anna på mange timar med lyd- og filmopptak, som skal rediugerast og brukast i filmen.

Den pensjonerte historieprofessoren vart kjent med Furubotn då han sjølv berre var 14 år gammal. Kjennskapen fekk han gjennom far sin, Samuel Titlestad, som under krigen arbeidde tett med Furubotn i motstandsrørsla.

— Ei skam

Furubotn, som også var ein aktiv norsk politikar, først i Arbeidarpartiet og sidan i Norges Kommunistiske Parti (NKP), fekk etter krigen lite med anerkjenning for innsatsen sin.

- Lite, det blir feil det også. Han fekk ingenting av slikt då andre motstandsfolk vart heidra, og det er ei skam. Meir oppreising er komen i nyare tid, mellom anna i Vaksdal der han så fortent er heidra med eit monument. Men, samanlikna med andre store motstandsmenn og -kvinner, stiller Furubotn den dag i dag langt bak. Dette er for ille, han var ein av dei største på dette området i krigsåra 1940-45, og det skal me få fram i filmen me lagar, seier Titlestad.

I konflikt med Stalin

- Kvifor er det blitt slik?

- I hovudsak har dette med hans politiske liv å gjera, som feilaktige påstandar om samarbeid med sentrale russiske politikarar han kjende som generalsekretær i NKP. Med det stemmer ikkje, han rauk mellom anna uklar med leiar Josef Stalin i 1931, fortel professoren som har skrive fleire bøker om Peder Furubotn.

Engelsk

No er han også i gang med eit filmprosjekt, som han og medarbeidarane hans håpar å få fullført i løpet av eit år. Det skal bli ein 45 minuttar lang engelskspråkleg film.

- Filmideen har eg hatt lenge, men det har ikkje lukkast å få norske aktørar med på prosjektet. «Dette er ein god plan, men me må sjå det an», er svaret eg har fått. Vel, sanninga er at eg er 75 år no, og har ikkje tid lenger til å «sjå det an». Og når denne mogelegheita opna seg med å laga ein film på engelsk, så gjer me det, seier Titlestad.

Filmen vil ha norske undertekster, og sjølvsagt engelske når Furubotn snakkar. Premiere er planlagt til hausten 2023.