Det er altså på Lavik det brenn, og ikkje på Eidsland som først meldt.

- No er det dessverre blitt slik at det er full overtenning på bygget, seier vaktkommandør Dan Inge Gjesdal ved operasjonssentralen.

Ingen personskade

Det er ikkje meldt om personskade, men nokon kan vera eksponerte for røyk.

Brannmannskap er no på plass på staden. Det er rykt ut frå Modalen, Dale og Knarvik.

Klokka 20.17 vert det opplyst frå operasjonssentral at det pågår utvendes slokking i bygningen.

Familie på fire

Bjarne Lavik er far til Hege Marie Lavik som driv butikken i bygda. Han er sjølvsagt er letta for at alle fire som budde i leilegheita kom seg ut.

- Eg har to små barneborn der som far deira fort tok med seg ut, no har sjukebilen vore her og alle er sjekka av helsepersonell, fortel Bjarne.