Som ein del av Vintertreffet skal artisten Stina Talling halda konsert for born og ungdom på dagtid laurdag.
Torsdag opplyser arrangøren at konserten blir gratis.
- Vaksdal Underhaldningslag har lyst til å gje alle som vil moglegheita til å få med seg den flotte konsert med Stina Talling på laurdag. Derfor har me bestemt oss for at konserten vert gratis. Dei som allereie har kjøpt billettar får refundert pengane. Me håpar mange, både born, ungdom og vaksne tek turen til samfunnssalen på Vaksdal og får seg ei flott konsertoppleving, seier Pia Njaastad Mæland i underhaldningslaget.
Utfordrande tider
Ho grunngjev gratiskonserten med at mange opplever utfordrande tider økonomisk.
- Det har vore ein tøff vinter for mange familiar, med høge straumprisar og høge drivstoffprisar. Kanskje kan me no få med nokre som ikkje elles hadde hatt høve til å gå på konsert, seier Mæland.
Ledige billettar torsdag og laurdag
Når VP snakkar med ho torsdag, er lydprøvane til torsdagens framsyningar godt i gang. Der kjem lokale musikarar som Tommy Kristiansen, Frida Amundsen og Alexander Knutsen, saman med mellom andre Gisle Børge Styve, Tor Endresen, Elin Furubotn, Knut Erik Østgård frå Return og Åge Sten Nilsen frå Wig Wam.
- Dette blir kjempestas, og endå er det billettar igjen til konsertane i kveld, torsdag. Også til laurdag kveld er det billettar å få kjøpt i døra når Vivillian og Staysman skal opptre, smiler ei forventningsfull Pia Njaastad Mæland.