Innspel til Vaksdal kommune i Dalehall-saka
LESARINNLEGG: Eg ser i nettutgåva av Vaksdalposten laurdag 20. august at det er halde innspelsmøte om Dalehallen, og at ingen rivingsmotstandarar møtte opp. Kvifor veit eg ikkje, men eg veit etter mange samtaler med folk at der finst ein heil del av dei. Eg er sjølv éin, men eg har vore vekkreist ei tid.