Gå til sidens hovedinnhold

Innfører nye nasjonale tiltak

Regjeringa innfører nye tiltak for å forseinka spreiinga av omikronvarianten av koronaviruset i Noreg.

Det opplyste helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) på ein pressekonferanse i dag, måndag.

— Det er sannsynleg at den nye omikronvarianten er meir smittsam enn deltavarianten. Erfaringa frå koronapandemien så langt er at virusvariantar som er meir smittsame vil spreia seg til alle land, inkludert til Noreg. For å avgrensa og forseinka spreiinga her i landet innfører me derfor ei rekkje offensive tiltak, sa helse- og omsorgsministeren.

Dei nye tiltaka er:

  • Isolasjonstida blir forlenga til sju dagar for dei som testar positivt og som det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron.
  • Det blir pålagt smittekarantene i ti dagar for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære personar det er grunn til å tru er smitta med varianten omikron. Desse har krav om PCR-test så snart som mogeleg, og dag sju før avslutning av karantene.
  • Det blir innført testplikt for andre nærkontaktar. Dei skal bli testa med PCR-test så snart som mogeleg og mellom dag tre og sju etter nærkontakten, og skal om mogeleg unngå nærkontakt med andre personar fram til første test er negativ.
  • Alle tiltaka gjeld uansett vaksinasjonsstatus.
  • Pliktene sluttar å gjelde dersom det seinare blir bekrefta at smitten ikkje kjem av virusvarianten omikron.

Dei nye tiltaka kjem i tillegg til innreisetiltaka regjeringa innførte natt til laurdag.

— Den nye virusvarianten understrekar behovet for eit høgt tempo i vaksineringa med første og andre dose til alle som ikkje har fått dei, og oppfriskingsdose til dei som skal ha han. Vaksinearbeidet må prioriterast, seier Kjerkol.

Kommentarer til denne saken