Gå til sidens hovedinnhold

Innfører nye nasjonale koronatiltak

Statsminister Jonas Gahr Støre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol presenterte fredag nye koronatiltak, etter ein periode med aukande smitte i Noreg.

— Me er no over i den fasen me kallar normal kvardag med auka beredskap, sa statsminister Jonas Gahr Støre under pressekonferansen fredag.

Tysdag denne veka vart det sett ny smitterekord i Noreg, med 2.126 nye tilfelle. Fredag var det 2.006 nye smittetilfelle.

Regjeringa vil difor innføra nokre nye nasjonale tiltak for å få ned smitten.

— Me snakkar ikkje om nedstenging og så strenge nasjonale tiltak som me har sett tidlegare i pandemien. Hovudregelen vil vera å halda seg heime når ein er sjuk, sa statsministeren.

LES OGSÅ: Ingen nye smittetilfelle i Vaksdal

Bruk av koronasertifikat

Støre sa at regjeringa i tillegg vil gje kommunane fleire verkemiddel for å få ned smitten. Dei er i gong med å laga ei forskrift som gjer det mogeleg for kommunane å ta i bruk koronasertifikat lokalt, og kom med følgjande døme på korleis det kan fungera i praksis:

— Viss ein kommune har innført krav om ein meters avstand og bordservering på utestader, så kan kommunen i tillegg leggja inn eit krav om koronasertifikat. Då kan utestaden driva som vanleg dersom gjestane har grønt sertifikat.

Dette er dei nye tiltaka

Målet med å innføra nye tiltak er at helsetenesta ikkje skal bli overbelasta, understreka Støre.

Regjeringa har difor bestemt at ei rekkje nye tiltak skal bli innført:

  • Uvaksinerte nærkontaktar over 18 år får plikt til å testa seg. Denne plikta vil gjelda frå 17. november.
  • Det blir planlagt å gje ein tredje vaksinedose til alle over 18 år.
  • Uvaksinert helsepersonell bør bli testa to gonger i veka og bruka munnbind.
  • Helse- og omsorgsministeren vil innføra ei forskrift som gir kommunar mogelegheit til å vedta lokal bruk av koronasertifikat.
  • Regjeringa ønskjer òg meir målretta bruk av testing i skulane.

— Dette er ikkje tiltak som vil bli oppfatta som veldig inngripande, men som kan forhindra meir inngripande tiltak på sikt, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol under pressekonferansen.

Kommentarer til denne saken