Gå til sidens hovedinnhold

Ingen nye smitta i Vaksdal

Det er ikkje meldt om nye smittetilfelle av korona i Vaksdal kommune denne veka.

Av ei melding frå Vaksdal kommune, går det fram at dette er status i Vaksdal:

— I Vaksdal kommune har vi i dag ingen smitta, men vi vurderer fortløpande om det er behov for å setja i verk tiltak i vår kommune.

Vi minner om det vi alle kan gjera til einkvar tid for å minka risikoen for smitte:

  • Bli heime om du er sjuk — og ta gjerne ein koronatest
  • Ha god hand- og hostehygiene
  • Bruk gjerne munnbind på offentleg transport og på stader med mykje folk

Les heile informasjonen frå Vaksdal kommune her.

Kommentarer til denne saken