- Kos dykk med fyrverkeri, men hugs at bruk av fyrverkeri berre er lov på nyttårsaftan mellom klokka 18.00 og 02.00. Politi og brannvesen oppmodar om å vise stor varsemd ved bruk av fyrverkeri. Både bakkefyrverkeri og stjerneskot kan gje alvorlege skadar om det vert brukt på feil måte, skriv kommunen.
Her er nokre gode råd:
1. Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid og finn ein eigna stad.
2. Les bruksanvisninga nøye før bruk.
3. Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skada.
4. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velta.
5. Bruk vernebriller og tennstav.
6. Bøy deg aldri over tent fyrverkeri.
7. Når lunta er tent, snu ansiktet raskt vekk og kom deg på trygg avstand.
8. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk.
9. Hald god avstand frå oppskytinga.
10. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.
11. Ubrukt eller defekt fyrverkeri skal returnerast til forhandlar.