Klokka 18.50 onsdag melde politiet at ein stor stein hadde falle ned i vegbana ved Bolstad.

Ein bil køyrde inn i raset, men det skal vera mindre materielle skadar på bilen og ingen personar kom til skade.

Stengt eller delvis stengt i nesten eit døger

Vegtrafikksentralen melder at vegen ikkje vert opna onsdag kveld, eller natt til torsdag.

Det skal gjerast ei ny vurdering torsdag morgon klokka 09.

Klokka 09.30 melder vegtrafikksentralen at den eine vegbana er opna, og at det er manuell dirigering på staden.

Torsdag klokka 17,30 melder trafikksentralen att vegen er open for fri ferdsle.

Planke i vegbana

Omtrent samstundes med opninga på Bolstad vart Dalseidtunnelen mellombels stengt etter at det vart funne gjenstandar i vegbana. Det er ein lang planke om ligg i vegbana, vert det opplyst frå av Vegtrafikksentralen. Planken vart fjerna og vegen opna igjen etter å ha vore stengt ein knapp halv time.