Dei kvinnelege søkjarane bur alle i Vaksdal kommune, medan den mannlege søkjaren er busett i Bergen,
Søkjarlista
Christer Borg, (41), bur i Bergen kommune, jobbar som pedagogisk leiar.
Ine Løtvedt Klever (29), bur i Vaksdal kommune, jobbar som barnehagelærar i Dale barnehage.
Line Kydland, (31), bur i Vaksdal kommune, noverande stilling ikkje opplyst
Norana Moiselle Osman Tollefsen (37), bur i Vaksdal kommune, jobbar som assistent-pedagogisk leiar.
Kine Walde, (45), bur i Vaksdal kommune, noverande stilling ikkje opplyst
Intervju og tilsetjing
HR-leiar i Vaksdal, Randi Solveig Pedersen, fortel at ein no startar arbeidet med å tilsetja i denne stillinga.
- Søknadsfristen er nett ute, no ser me på søknadane og vurderer kven me kallar inn til intervju. Ei tilsetjing håpar me skal vera klar i løpet av hausten, seier Pedersen.
Ny jobb
Karianne Pettersen har vore styrar i Dale barnehage i mange år. Ho sluttar i neste månad for å byrja i ny jobb som miljøterapeut på Voss.
- Det vert kjekt å prøva noko nytt. Eg har trivst svært godt i barnehagen, med gode medarbeidarar, kjekke born og godt samarbeid med foreldra. Eg håpar den nye styraren får den same opplevinga i jobben sin i Dale barnehage som eg har hatt, seier Pettersen