Gå til sidens hovedinnhold

Eit smittetilfelle i Modalen

Ein person har testa positivt på covid-19 ved legekontoret i Modalen.

Dette melde Modalen kommune tysdag kveld.

— Vedkomande er i isolasjon, og følgjer dei regler som gjeld. Det er ikkje nokon andre kring personen som er smitta. Vi ber no alle om å testa seg dersom dei har symptom på virussjukdom. Hurtigtestar for covid-19 får du på legekontoret, på skulen og i barnehagen. Hald deg heime om du kjenner deg sjuk og test deg! Bruk munnbind om du ikkje kan halde avstand, heiter det i meldinga frå kommunen.

Kommentarer til denne saken