Det er mykje vatn i vegbana fleire stader på fylkesvegen frå Dalseid og innover mot Stamnes.

Vegtrafikksentralen melder at Fv 569 mellom anna er stengt ved Dæmring. Det er svært høg vassfæring i Bolstadstraumen, noko som fører til vatn i vegen som ligg like ved.

Også Fv 5410 er stengt i området ved Brekkhus i Teigdalen. På Evanger er det store utfordringar med mykje vatn frå Vosso.

Fredag kveld melder Vaksdal kommune på Facebook at fleire veger er stengd på grunn av flaum.

- Fv 569 mellom Dalseid og Romarheim stengt på fleire punkt. Fv 5410 er stengt i Teigdalen og ved brua til Evanger. E16 er stengt ved Evanger. Vatnet stig framleis og vi oppmodar folk om å halde seg i ro dei nærmeste timene og fylgje med på vegmeldingane til Statens vegvesen og på varsom.no.

Marthe Hesjedal Skrede frå Stamnes fortel i ei melding til VP om utfordrande tiløve på fylkesveg 569 fredag kveld.

- Det er flaum både på Dalseid og Straume. Me måtte vassa over med ferista på Dalseid, då det var 42 centimeter med vatn i vegbanen. Klokka var då 21.30, og vatnet steig, melde stamnesjenta.

Også jernbana mellom Dale og Voss er stengt på ubestemt tid.