Vegtrafikksentralen melde i 09-tida at E16 vil vera stengt i om lag to timar.

Det hadde komme ned meir steinmassar enn forventa i samband med fjellsikringsarbeidet i området, og det vart opplyst at det vil gå noko tid for å rydda i området.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Åge Johan Fanebust, opplyste til VP at noko fjell måtte sikrast før ein kan sleppa på trafikken igjen.

- Det kom ned litt meir steinmassar enn forventa, og samtidig er det oppdaga eit laust parti i fjellsida der ein jobbar. Slikt kan skje, då parti kan vera mosegrodd og ein ikkje ser kva som skjuler seg der før ein byrjar å arbeida med det. Slik eg har forstått det vart det oppdaga eit laust parti, og då må dette sikrast før ein kan sleppa trafikken på igjen. Det er antyda at dette vil ta om lag to timar, sa Fanebust.

Det viste seg å ta noko mindre tid enn dette.

Ein god del personbilar såg ut til å velja fylkesvegen over Hamlagrø som omkøyringsveg.