E16 var stengt grunna eit jord- og steinras i nær ein time.
Ifølgje BA skal ein bil vera treft av raset, men at bilen kunne køyra vidare.
- Raset dekkjer eine køyrebana. E16 er stengt mellom Langhelle og Stavenestunnelen, sa Marianne Hove ved vegtrafikksentralen til VP like etter hendinga.
Politiet og entreprenør rykte ut til til staden, som er i den bratte bakken ned til Stavenestunnelen når ein kjem frå Langhelle i retning Trengereid.
Hendinga vart meldt om lag klokka 11.15.
Ved politiet sin operasjonssentral fekk VP opplyst at det var eit mindre ras det var tale om.
- Hendinga framstår som udramatisk Rasmassane skal ha treft ein bil som køyrde vidare. Det har eit vitne opplyst, seier operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt.
Seinare vert det opplyst at det er eit tre som har velta og dratt med seg noko jord og litt stein.
Ein vil vurdera faren for nye ras, og om vegen kan opnast igjen.
- Det er bratt terreng langs E16 og mykje trafikk på denne vegen. Det kan gå relativt raskt fjerna det som har komme ned i vegen, men først må det gjerast ei vurdering på staden, seier Loftesnes.
Klokka 12.08 vart det meldt at vegen var opna i ei køyrebane igjen, med manuell dirigering.