Årsaka var rasnedfall i samband med sikringsarbeidet som pågår ved tunnelmunningen på Dalseid. Det oppstod lange køar på begge sider av Dalseidtunnelen. På Dalesida gjekk køen til sist heilt forbi Dalegarden.

Vegtrafikksentralen opplyste først at ein forventa opning klokka 11.30, så vart opninga utsett til kl. 12.00. Så vart det utsett igjen til klokka 13.30.

Eit helikopter har vore i lufta for å spyla ned massar, og så har fjellreinskarar vore oppe for å sjekka arbeidet fysisk etterpå.

Ein del trafikk har snudd og valt omkøyring om den smale vegen gjennom Bergsdalen.