Måndag 11. september er det kommune- og fylkestingsval, og for demokratiet vårt er denne dagen svært viktig. Rundt om i verda er det mange som misunner oss her i Noreg at me kan ha opne og fri val. Det er ein av grunnane til at me bør nytta røysteretten vår.

Ein annan viktig grunn er at det er no folk har moglegheit til å påverka kva parti og personar som skal styra i kommunen og fylket me bur i dei fire neste åra. Å klaga over alt som er gale, dersom ein sjølv ikkje ein gong har nytta sjansen til å røysta, gjev lite meining.

Denne gongen er det to lister å velja mellom i Modalen, og heile ti parti å røysta på i Vaksdal. Det betyr at det bør vera mogleg å finna ei liste ein kan gje si støtte til. I Vaksdal er det også grunn til å tru at det vil vera mindre marginar mellom listene. Kommunestyret i Vaksdal består av 21 representantar, og tidlegare har det berre vore litt over 100 stemmer som må til for at eit parti har sikra seg ein plass i kommunestyret. Det betyr at alle stemmer verkeleg tel. Ver med å få valdeltakinga oppover, slik at ikkje heimesitjar-partiet vert det største i valet. Det vil vera eit trist signal å senda til folk som ikkje kan røysta i opne, frie val.

Vaksdalposten har ved dette valet satsa litt nytt, og gjort videointervju med alle dei ti toppkandidatane i Vaksdal kommune. På VP.no kan ein sjå desse valepisodane, og bli betre kjent med både kandidatane og partia dei representerer. Også valmøtet VP arrangerte i Dalesalen ligg ute på VP.no

Valkvelden kan ein oppdatera seg på valresultatet og få kommentarar frå lokalpolitikarane i Vaksdal og Modalen på VP.no

Vaksdalposten takkar lokalpolitikarane for ein ryddig valkamp — og ønskjer lukke til både valkvelden og i tida etter.

Nytt røysteretten — godt val!