Den som ventar på noko godt, ventar ofte forgjeves
SKRÅBLIKK: Lesarinnlegg var lenge svært velkomne i avisene. Dei fylte gjerne ei side eller to. Ofte lange og kjedelege. Nokre var anonyme — på vegner av mange, sto det gjerne. Andre inneheldt personangrep som aldri ville blitt tillatne i dag. Om redaktøren let vere å trykke eit innlegg, vanka det kjeft — gjerne i form av eit nytt innlegg.